lørdag 27. februar 2016

Selebukser

Kjekt mønster - gøy å sy. Og ekstra gøy at det går an å sy dobbelsidige selebukser - så kan dei brukast på begge  sider ☺️



lørdag 2. august 2014

Bloomsbury

 
 
Bloomsbury-genseren eg har strikka på i sommar er endeleg ferdig! Den er til meg, sjølv om det er eldstejenta som her har fått modelloppdraget.
 


 
 
Genseren har flott mønster som strekk seg oppetter heile ryggen og begge armane. Mønsteret kan ein kjøpe på ravelry.com. Det er på engelsk, ein liten utfordring sidan eg ikkje har nytta engelske strikkemønster tidlegare, men det gjekk mykje lettare enn eg trudde. I starten måtte eg lese mønster heile tida for å få det riktig, men etterkvart satt det i fingrane. Den er strikka ovanfrå og ned - heilt genialt for å kunne tilpasse størrelsen undervegs.

 
 
 
Mønster: Bloomsbury, kan kjøpast på ravelry.com.
Størrelse: M
Garn: Drops Big Merino, ca 535 gram (nesten 11 nøster).
Pinnestr.: 5,5 og 6 mm.

 

mandag 26. mai 2014

Amerikasinglet


Gåve til ein liten norskamerikanar, som riktignok ikkje er så liten lengre - lenge er det sidan eg har sett han. 

Singleten som er på veg "over dammen" er i str. 134, og er sydd av deilig, mjuk økologisk bomullsjersey frå Nosh (kan kjøpast på www.fabelblaa.com). Den har eit påsydd scooter-bilete frå eit vevd stoff, og er etter mi meining akkurat passe tøff til ein 8-åring. Så håpar eg at mottakeren er einig!

mandag 14. april 2014

Capsluer - testing, testing...


I fleire år har eg tenkt på å sy luer med brem, men ikkje tatt meg tid til å lage mønster. Endeleg - her er dei! Til stor glede for dei yngste jentene mine, som nærast har budd i luene dei siste par dagane. 

No skal dei vaskast, brukast meir, og vaskast igjen - og om bremmen består testen vert det fleire slike i Epla-butikken etter påske. 

Ha ei strålande påske!

onsdag 19. mars 2014

Regnbogeskjørtet ingen ville ha



På ferie i Danmark for snart 7 år sidan kom eg over det flottaste ullgarnet eg nokon gong hadde sett: Kauni i regnbogefargar. Eit 250 g stort hespe vart med heimatt (saman med eit like stort hespe i svart/grått/lilla), og eg hadde store planar for kva for noko fint dette kunne bli.

Optimistisk byrja eg på eit skjørt til meg sjølv, men tenkte etterkvart at det kanskje vart litt vel fargerikt, og justerte størrelsen til å heller passe til størstejenta. Men strikkinga var ikkje førsteprioritet, og før det vart ferdig var størstejenta blitt så stor at ho ikkje var så glad i veldig fargerike klede lengre...

Så då skjørtet var ferdig strikka vart det snart passeleg til nestminstejenta. Det vart liggjande ei god stund i påvente av å få strikk i livet, så lengje at jenta plutsleg vart ei rosa-jente, og forkasta skjørtet utan eingong å prøve det...

Då måtte eg setje mi lit til minstejenta, og ho skuffa ikkje; "Det vil eg ha på i barnehagen i morgon!" sa ho før ho dansa bortover golvet med skjørtet på. Så endeleg fekk skjørtet ein eigar!


 

mandag 3. februar 2014

Ullgenser med motiv

Her har eg brukt kjolemønsteret Onion 2046 som utgangspunkt for å lage ullgenser til meg sjølv. Den er sydd i deilig ulljersey frå Janus sitt "Ull på rull"-utsalg, og pynta med ei øgle i svart, glitrande Heattransfer frå Stoff & Stil. 


Forresten så er "Ull på rull"-utsalget på Espeland i Arna så absolutt verdt eit besøk!

lørdag 1. februar 2014

Endeleg!


Endeleg vart julebordskjolen ferdig! Ja, julebordet er sjølvsagt også ferdig - forlengst!

Kjole til meg sjølv, sydd av viskosejersey og blondestoff frå Stoff & Stil.
Mønster: Onion 2035.


mandag 27. januar 2014

Klar for vinter

 
Basic hjelmluer i 100 % ull.
Gratismønster frå Ottobre.
 
 

fredag 24. januar 2014

Siste vottepar frå 2013



Biletet vart knipsa i full fart før julegåveinnpakning, og viser ikkje fram det fine flettemønsteret særleg godt.

Mønsteret er dette, minus puddelkanten.

tirsdag 14. januar 2014

Skip o'hoi!


 
Det er kanskje ikkje ullvottar ein først og fremst forbind med segling, men i surt vestlandsvêr kan dei komme godt med likevel...
 
Her har eg strikka styrbord/babord-vottar til kapteinen på båten "i hagen" vår. Ikkje det at eg mistenkjer at han treng ei påminning om kva som er kva, men eg tenkte at eit maritimt motiv måtte passe fint til har som har lært meg alt det eg veit om båt.
 


 
Mønster: Ship o'hoi! votter frå Jorids mønsterbutikk
Størrelse: stor mannehand
Garn: Falk fra Dale Garn