Viser innlegg med etiketten Baby. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Baby. Vis alle innlegg

lørdag 27. februar 2016

Selebukser

Kjekt mønster - gøy å sy. Og ekstra gøy at det går an å sy dobbelsidige selebukser - så kan dei brukast på begge  sider ☺️



lørdag 14. april 2012

Babylykke



Ei kjær venninne har fått ei flott lita jente, ein flott anledning til å sy litt babytøy igjen!
Valet denne gong fall på økologisk bomull - body i ugler frå Jofotex, bukse i frotté frå Lin & Papir. Mønster på body og bukse er henta frå Ottobre 1/12.


Framsida av Epla.no i dag er pryda av fleire økologiske skattar, blant anna ein fabelblå-vest:)




Ha ein flott laurdag!

tirsdag 25. oktober 2011

Spansk oktober:)



Her er det framleis kortarma klede som er tingen, sjølv om me kjenner hausten komme krypande...

Veldig deilig å sleppe å tenke på regnklede, ullundertøy og vintersko. Enn så lenge...




Bodyar sydde av bambus/økologisk bomull, eige mønster.

fredag 14. oktober 2011

Fint med meitai på tur! Og ein tunika...




Eg sydde meitai'en då nestminstejenta var bitteliten men den var ingen umiddelbar suksess... No derimot stortrives ho med å sitte i sele på ryggen min når det vert for langt for små føter å gå.

Meitai'en har sjalstroppar, ein stor fordel sidan dei er ganske breie og ikkje gneg seg ned i skuldrene sjølv om jenta etterkvart veg nokre kilo.


Tunikaen, som er så lang at den kanskje heller skal kallast kjole, har både mønster og stoff frå Stoff & Stil.




onsdag 31. august 2011

Fram frå gløymselen


Dette settet med body og velourbukse er det no ganske lenge sidan eg sydde, det har lagt til sals i Eplabutikken min ei tid utan å verte seld. Når minstejenta no trengte litt meir klede i str. 80 - så vips! var settet hennar:)

Nevnar i same slengen at siste moglegheit til å handle i Eplabutikken min vert på laurdag, etter det vert den dessverre midlertidig stengt ein periode.

søndag 28. august 2011

Nattbukse

Minstejenta trengte ein pyjamas med fot, men eg hadde ikkje så god tid til å sy det akkurat no... Her er løysinga, kjapp og enkel: Bukse med fot!



Så no skal små føtter også vere varme etter ei heil natts søvn:)





Mønster frå Ottobre 4/2011, str. 80.

Sydd av deilig mjuk interlock av bambus og økologisk bomull.

torsdag 23. juni 2011

Til ein vinterbaby

Midtsommar her, men på jordas sørlege halvkule er det midt på vinteren... Eller vinter og vinter - men det kan iallefall verte kjøleg no og då der eigaren av denne buksa bur. Difor vart det mjuk og deilig velour, som lunar godt dei dagane gradestokken ikkje kryp altfor høgt.



Delane har lenge lagt ferdig utklipte og berre venta på at eg skulle mote meg opp til å prøve kantebandsapparatet igjen, dei siste gongane har me krangla litt. Eg skifta begge nålene i maskina, sånn for å vere på den sikre sida, og når eg først kom i gong med syinga gjekk det lett som ein lek!




Dermed vart dette eit skikkelig koseprosjekt der alt gjekk etter planen:) Kanskje eg til og med må lage ein større versjon av mønsteret slik at minstejenta her i huset også kan få seg ei slik...?



Stoff: Brent oransje stretchvelour frå S&S, kanta med mørk lilla interlock frå JNY. Stjerner av ein mørkelilla velourrest - Jofotex sin?

Trykknappar frå Snapsource, lilla str. 14.

Mønster: Eige, ca str. 62.

torsdag 16. desember 2010

Med kamelar på magen

For eit par veker sidan laga eg mønster til denne heildrakta, litt ekstra romsleg sidan babyar veks så fort. No når den er ferdig er den snart for liten ;-)


Erma er klippa i samme stykke som for- eller bakstykke, og trykknappopninga framme går heilt ned til eine foten så det går an å skifte bleie utan å ta av heile drakta.

Baksida av drakta er heilt stripete, og under kvar fot har det gøymd seg ein kamel der òg...

Mønster: eige, ca str. 62.
Alle stoff frå Stoff & Stil.
Trykknappar frå Snapsource, turkis str. 14.

fredag 3. desember 2010

Ullbukser på rad og rekke

Desse buksene er sydd av den deiligaste, mjukaste ullfrotté du kan tenkje deg. Dessverre har eg no brukt siste rest av dette flotte stoffet, og det ser ikkje ut til at det går an å bestille meir heller...

Buksene er no på veg til butikken "En gul knapp" i Skostredet i Bergen.

Dei fleste av buksene har fått ei rund lomme i bomullsinterlock på eine låret, nokre har påsydd pynteband rundt eine beinet. Det er strikk oppe og nede.

Ullfrotté frå Vogue fabrics.
Bomullsinterlock frå JNY design og Jofotex.
Pynteband frå Leanne.
Eige mønster, str 80 - 86 - 92.

søndag 21. november 2010

Nytt familiemedlem :-)


Endeleg var ventetida over! Og kva er vel betre enn å sitje i ro og fred og nyte synet av eit heilt nytt, lite menneske som søv i vogga...?

Sidan dette er ein sy-blogg må det sjølvsagt nemnast at bodyen er heimesydd.
Ullteppet som akkurat kan sjåast i nedre kanten på biletet strikka eg faktisk då eg venta på eldstejenta, det har vore flittig brukt av alle barna mine (mønster frå Dalegarn).

søndag 17. oktober 2010

Lite fantasi...?

Skulle nesten tru eg hadde for få idéar til kva eg skulle sy... Det stemmer ikkje heilt, men no vart det endå nokre babyluer, denne gong i økologisk bomull.




Desse vert sannsynlegvis med i ein leveranse til "En gul knapp" i Bergen.


Men no skal eg ta fatt på noko heilt anna enn babyklede!

lørdag 9. oktober 2010

Babyluer


Eigentleg trengte eg berre å sy éi, men det vart litt fleire i same slengen... Og i to ulike storleikar.

tirsdag 5. oktober 2010

Bodyar og velourbukser


To ulike bodyar med tilhøyrande raude bukser.

Buksemodellen er eg spesielt nøgd med, buksa passar akkurat over ei lita bleierumpe, men har litt posete bein. Mjuk og behageleg å gå med for ein liten knott.


Bodyar: Landskapsinterlock frå Jofotex, kaniner frå JNY design. Kanta med raud interlock frå JNY design. Eige mønster, str. 80 og 92.

Bukser: Raud stretchvelour frå Stoff og Stil. Eige mønster, str. 80 og 92

søndag 26. september 2010

Tripp trapp tresko


Tidlegare i september var eg ein liten tur til Tønsberg. Der ramla eg over ein ikkje så veldig stor stoffbutikk som hadde eit ganske bra utvalg av frotté og velour, deriblant akkurat den brunfargen eg ønska meg!
To ulike kvalitetar frotté vart kjøpt, ein bomullsfrotté og ein viskose/polyesterfrotté, den sistnemnde utruleg mjuk og deilig. Og varm, litt som eit fleecestoff.
Skuffelsen var dermed stor då den nuppa ganske mykje allereie i første vask......

Uansett; det vart ei god og varm barnehagebukse til minstejenta i huset av den nuppete frottéen. Bomullsfrottéen ser ikkje ut til å bli nuppete, desse to buksene er no til salgs på epla.no

Mønsteret til buksene har eg laga sjølve, dei har litt posete bein som er samla med ein strikk nederst. Strikk i livet. Str. 80 - 86 - 92.

Bomullsfrotté og viskose/polyesterfrotté frå Syskrinet(?) i Tønsberg.

mandag 6. september 2010

Babytepper

Etter at eg har sydd ein del bodyar i det siste kjentes det veldig naturleg å gå vidare til babytepper.... Fine å bruke til vognteppe eller til å tulle inn ein bitteliten baby i. Eller rett og slett som koseteppe til litt større born.

Desse har éi side bomullsinterlock og éi side stretchvelour.

Stoff frå Jofotex og Stoff og Stil, kanta med einsfarga interlock frå JNY Design.



onsdag 1. september 2010

Body og bukse


Eit mjukt og deilig sett i str. 86.

Body i limegrøne flodhestar frå Jofotex, kanta med cerise interlock frå JNY design. Eige mønster.
Bukse i cerise stretchvelour. Eige mønster.

onsdag 11. august 2010

Og fleire bodyar...

Den største er etter same mønster som desse, ein smule justert også denne gongen så no syns eg passformen vart bra.

Den minste er frå eit helt nytt eigenteikna mønster, ca str. 56/62. Heile bodyen er klipt i eitt stykke + erme, så dei einaste innvendige saumane er der raglanerma er sydde fast til resten. Dermed er det liten sjans for gnagande saumar mot sart babyhud....

Minstejenta i huset har allereie tatt i bruk den største bodyen, den minste bodyen vert ikkje tatt i bruk før utpå hausten...

Jungel-interlock frå JNY design, raude trykknappar frå Snapsource.

fredag 6. august 2010

Omsider: bodyar!

Det var vel på tide at eg prøvde meg på bodyar eg òg. Men det var først no at behovet for fleire bodyar gjorde seg gjeldande.
Eg byrja så friskt med eit bodymønster frå Ottobre 3/10, men såg raskt at her måtte det forandringar til... Så her er det lagt til lange erme, vidare halsopning, samt at heile bodyen er gjort smalare. På neste utgåve vert også beinopningen gjort litt større, er omsider fasongen akkurat som eg ville...

Lime flodhestar frå Jofotex, kanta med lilla interlock frå JNY design.
Kvit interlock med jordbær i fleire fargar, sannsynlegvis handla i ein amerikansk nettbutikk, kanta med raud interlock frå JNY design.

søndag 6. juni 2010

Babylue



Denne lua vart sendt av garde for ei stund sidan, vonar den gjer nytta si og varmar små søte babyøyrer...


Sydd av økologisk bomull, kjøpt frå Cetho Designs AS. Str. ca 4-6 mnd.

tirsdag 9. mars 2010

Overall


Dette settet skal av gårde til ei lita jente.

Overall i lilla stretchvelour frå JNY Design, str. ca 68.
Lue i økologisk bomullsjersey med lilla ugler frå Jofotex, str. 3-6 mnd.
Begge er kanta med mørk brun bomullsinterlock frå JNY Design.
(Alle stoffa innkjøpt frå CeTho Designs AS)
Raude trykknappar frå Snapsource.