Viser innlegg med etiketten Bukser. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bukser. Vis alle innlegg

tirsdag 30. april 2013

Bukser og bok


Eg har dei siste dagane sydd mange fargerike velourbukser, dei fleste ligg for sal i Epla-butikken min.
 
 
Og før helga fekk eg endelig boka "Handmade" i posten! Her er det størstejenta som studerer lue-mønsteret som er mitt bidrag i boka.

 

lørdag 14. april 2012

Babylykke



Ei kjær venninne har fått ei flott lita jente, ein flott anledning til å sy litt babytøy igjen!
Valet denne gong fall på økologisk bomull - body i ugler frå Jofotex, bukse i frotté frå Lin & Papir. Mønster på body og bukse er henta frå Ottobre 1/12.


Framsida av Epla.no i dag er pryda av fleire økologiske skattar, blant anna ein fabelblå-vest:)




Ha ein flott laurdag!

søndag 11. desember 2011

Posebukser

Litt etter litt vert eg ferdig med plagg som skal få vere med på julemarked neste helg. Posebukser vert det nokre av. Dei fyrste er ferdige, fleire står for tur...



tirsdag 15. november 2011

Snart marknadsdagar...

Attende i kvardagen søkjer eg å snike meg til så mykje sytid som mogeleg, eg har nemleg meldt meg på heile 4 marknadsdagar no før jul.


Først ut er Haustmesse i regi av Nordhordland husflidslag no på laurdag...




Litt nytt har eg med sjølv om eg det meste av hausten har vore utan symaskin, her er eit lite glimt av ei nysydd bukse med lommer:




onsdag 31. august 2011

Fram frå gløymselen


Dette settet med body og velourbukse er det no ganske lenge sidan eg sydde, det har lagt til sals i Eplabutikken min ei tid utan å verte seld. Når minstejenta no trengte litt meir klede i str. 80 - så vips! var settet hennar:)

Nevnar i same slengen at siste moglegheit til å handle i Eplabutikken min vert på laurdag, etter det vert den dessverre midlertidig stengt ein periode.

søndag 28. august 2011

Nattbukse

Minstejenta trengte ein pyjamas med fot, men eg hadde ikkje så god tid til å sy det akkurat no... Her er løysinga, kjapp og enkel: Bukse med fot!



Så no skal små føtter også vere varme etter ei heil natts søvn:)





Mønster frå Ottobre 4/2011, str. 80.

Sydd av deilig mjuk interlock av bambus og økologisk bomull.

søndag 21. august 2011

Du kan framleis vere med!

Siste moglegheit i dag til å vere med i trekninga om eit fabelblå-plagg.


Utpå kvelden vert det trekning. Akkurat no ligg det an til å verte éin premie, er det meir enn 20 som vil vere med vert det 2 premiar osv...





Velourbuksene har vore populære denne våren/sommaren, mange av dei har eg ikkje fått tatt bilete av ein gong før dei har funne fram til nye eigarar. Her er eit lite knippe, to av dei er selde medan to framleis ligg i Eplabutikken min.


torsdag 23. juni 2011

Til ein vinterbaby

Midtsommar her, men på jordas sørlege halvkule er det midt på vinteren... Eller vinter og vinter - men det kan iallefall verte kjøleg no og då der eigaren av denne buksa bur. Difor vart det mjuk og deilig velour, som lunar godt dei dagane gradestokken ikkje kryp altfor høgt.



Delane har lenge lagt ferdig utklipte og berre venta på at eg skulle mote meg opp til å prøve kantebandsapparatet igjen, dei siste gongane har me krangla litt. Eg skifta begge nålene i maskina, sånn for å vere på den sikre sida, og når eg først kom i gong med syinga gjekk det lett som ein lek!




Dermed vart dette eit skikkelig koseprosjekt der alt gjekk etter planen:) Kanskje eg til og med må lage ein større versjon av mønsteret slik at minstejenta her i huset også kan få seg ei slik...?



Stoff: Brent oransje stretchvelour frå S&S, kanta med mørk lilla interlock frå JNY. Stjerner av ein mørkelilla velourrest - Jofotex sin?

Trykknappar frå Snapsource, lilla str. 14.

Mønster: Eige, ca str. 62.

mandag 20. juni 2011

Ein favoritt...

Fine til turbruk

Raud er ein flott farge, og dette er nok eit av mine favorittstoff; Raud stretchvelour med kvite skyer. Her som bukse til nestminstejenta, mjuk og god - og akkurat passe posete i beina.


Fine til sandkassebruk


Stoff: Velour med skyer, JNY design. Lime ribb frå S&S (ikkje synleg på bileta).

Mønster: Eige, ca str. 98.

søndag 20. mars 2011

Landskap

Det er faktisk ei stund sidan eg har fått bestillingar no, så dette var jo litt gøy. Bestillaren savna større utvalg av guteklede på epla.no, og ville gjerne ha eit sett i blå velour og landskapsmotiv.
Stoff: Blå velour og ribb frå Stoff & Stil, bomullsinterlock med landskapsmotiv frå Jofotex.
Mønster: Eige, str. 92, men er nok litt romsleg i størrelsen.

søndag 13. februar 2011

Joggebukser til gutta!

Som nevnt tidlegare hadde minsteguten, som allereie byrjar bli ganske stor, lyst på bukser med flammar på. Desse vart godkjente med éin gong, til mors store glede :-) Flammeapplikasjonen har eg brukt ein gong før, og eg kjem sikkert til å bruke den fleire gongar...


Størsteguten har sykkeldilla, og har sykla ganske mange mil att og fram i det vesle tunet vårt sidan han lærte å sykle som treåring. Å hoppe og steile er absolutt det gøyaste, og i haust brukte han alle sine oppsparte midlar på ein raud BMX-sykkel.
Gliset gjekk nesten frå øyre til øyre då eg viste han BMX-syklisten som skulle pryde joggebuksa hans, og han har utålmodig venta på at buksa skulle verte ferdig...
Begge buksene er sydd av svart isoli frå Stoff & Stil. Applikasjonane er av raud og gul interlock frå JNYdesign.
Eige mønster, str. ca 6 år og ca 8 år.

Og som ein fin avslutning på helga: I dag òg var eg så heldig å komme med på framsida på epla.no, blant Anita/zndesign sine favorittar :-)









fredag 3. desember 2010

Ullbukser på rad og rekke

Desse buksene er sydd av den deiligaste, mjukaste ullfrotté du kan tenkje deg. Dessverre har eg no brukt siste rest av dette flotte stoffet, og det ser ikkje ut til at det går an å bestille meir heller...

Buksene er no på veg til butikken "En gul knapp" i Skostredet i Bergen.

Dei fleste av buksene har fått ei rund lomme i bomullsinterlock på eine låret, nokre har påsydd pynteband rundt eine beinet. Det er strikk oppe og nede.

Ullfrotté frå Vogue fabrics.
Bomullsinterlock frå JNY design og Jofotex.
Pynteband frå Leanne.
Eige mønster, str 80 - 86 - 92.

torsdag 7. oktober 2010

Sånt vert ein i godt humør av :-)

Dette settet la eg for ut for sal på epla.no midt på dagen i dag - og det er allereie seld! Og når i tillegg sola kikkar fram etter ei rekkje våte dager så er ein jo berre nøydd til å verte i godt humør :-)

tirsdag 5. oktober 2010

Bodyar og velourbukser


To ulike bodyar med tilhøyrande raude bukser.

Buksemodellen er eg spesielt nøgd med, buksa passar akkurat over ei lita bleierumpe, men har litt posete bein. Mjuk og behageleg å gå med for ein liten knott.


Bodyar: Landskapsinterlock frå Jofotex, kaniner frå JNY design. Kanta med raud interlock frå JNY design. Eige mønster, str. 80 og 92.

Bukser: Raud stretchvelour frå Stoff og Stil. Eige mønster, str. 80 og 92

søndag 26. september 2010

Tripp trapp tresko


Tidlegare i september var eg ein liten tur til Tønsberg. Der ramla eg over ein ikkje så veldig stor stoffbutikk som hadde eit ganske bra utvalg av frotté og velour, deriblant akkurat den brunfargen eg ønska meg!
To ulike kvalitetar frotté vart kjøpt, ein bomullsfrotté og ein viskose/polyesterfrotté, den sistnemnde utruleg mjuk og deilig. Og varm, litt som eit fleecestoff.
Skuffelsen var dermed stor då den nuppa ganske mykje allereie i første vask......

Uansett; det vart ei god og varm barnehagebukse til minstejenta i huset av den nuppete frottéen. Bomullsfrottéen ser ikkje ut til å bli nuppete, desse to buksene er no til salgs på epla.no

Mønsteret til buksene har eg laga sjølve, dei har litt posete bein som er samla med ein strikk nederst. Strikk i livet. Str. 80 - 86 - 92.

Bomullsfrotté og viskose/polyesterfrotté frå Syskrinet(?) i Tønsberg.

onsdag 1. september 2010

Body og bukse


Eit mjukt og deilig sett i str. 86.

Body i limegrøne flodhestar frå Jofotex, kanta med cerise interlock frå JNY design. Eige mønster.
Bukse i cerise stretchvelour. Eige mønster.

tirsdag 9. mars 2010

Overall


Dette settet skal av gårde til ei lita jente.

Overall i lilla stretchvelour frå JNY Design, str. ca 68.
Lue i økologisk bomullsjersey med lilla ugler frå Jofotex, str. 3-6 mnd.
Begge er kanta med mørk brun bomullsinterlock frå JNY Design.
(Alle stoffa innkjøpt frå CeTho Designs AS)
Raude trykknappar frå Snapsource.


onsdag 10. februar 2010

Blir aldri lei...



... av denne flotte ulljerseyen. Så her er endå ei sparkebukse i str ca 62, denne gongen med lomme på magen.



Ulljersey frå Skaar tekstil.

Bomullsinterlock (skyer og mørk brun) frå JNY Design.

Men neste innlegg blir ikkje blått!

søndag 31. januar 2010

Enda meir blå ulljersey!


Her har eg prøvd meg på overallen frå Ottobre 6/09, som eg har sett at mange ellers i bloggverda òg har gjort.


Eg droppa lommene som skulle vera på framsida, i staden vart det ein bil på ryggen. På framsida kan den opnast med "usynleg" glidelås.


Str. 62.


Blå ulljersey frå Skaar tekstil, mørk brun bomullsinterlock frå JNY.

fredag 29. januar 2010

Heildrakt i ull




Første ut av fleire sparkebukser i str. 62.



På denne har eg prøvd å følge mønsteret frå "Alt om håndarbeide" 09/09, har berre lagt til ein applikasjon av ein traktor.


Traktoren er sydd på med raud tråd og har fått raude knappar i hjula.


Sparkebuksa er i 100 % ull, til og med traktoren er av ull :-)


Eit hjul er også plassert på den eine armen.