Viser innlegg med etiketten T-skjorter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten T-skjorter. Vis alle innlegg

mandag 26. mai 2014

Amerikasinglet


Gåve til ein liten norskamerikanar, som riktignok ikkje er så liten lengre - lenge er det sidan eg har sett han. 

Singleten som er på veg "over dammen" er i str. 134, og er sydd av deilig, mjuk økologisk bomullsjersey frå Nosh (kan kjøpast på www.fabelblaa.com). Den har eit påsydd scooter-bilete frå eit vevd stoff, og er etter mi meining akkurat passe tøff til ein 8-åring. Så håpar eg at mottakeren er einig!

tirsdag 2. juli 2013

"Brrrmm...!"



Eit turkis sommarsett til ein liten sjarmør som måtte vente lenge... Kjenner eg han rett seier han "brrrmm.." når han får på t-skjorta!



Bilstoff og koksgrå ribb frå Stoff & Stil.
Turkis jersey frå JNY.
Polkastripet jersey frå Liandlo/fabelblaa.com.

tirsdag 23. august 2011

Dagens linselus

Med ungane attende i skule og barnehage var det svært så stille i huset når minstejenta sov luren sin. Endelig kunne eg ta bilete uten å bli forstyrra. Trudde eg...



Pusen har her funne seg godt til rette på størsteguten sin nye singlet, sydd av turkise retroringar kjøpt frå Tiljamiid.

Mønsteret er eit t-skjortemønster frå Ottobre, her utan erme. Str. 134.

torsdag 11. august 2011

Dinosaurar!





Dinosaurmotivet vart ein favoritt hos fleire her i huset, så det vart t-skjorte og kortbukse til minstegut og lue til nestminstejenta. Litt sommar og litt haust altså, det er jo allereie august...

Stoff: "Jurassic", kjøpt frå Tiljamiid. Mørk brun interlock frå JNY til erme og kanting.

torsdag 24. juni 2010

Blekksprutskjorte


T-skjorte i same modell som denne, men med ribb i halsen i staden for kanting. Begge desse skjortene har no reist av garde til sin nye eigar i eit land langt borte, håpar dei fell i smak.

Turkise bølger og stjerner frå JNY design, limegrøn ribb frå Stoff & Stil.
Applikasjonar i dobbelt lag stretchvelour.

På ønskelista akkurat no står symaskin som er god på applikasjonar, mi gode gamle Singer er ikkje glad i dette og jobbar helst i mot meg...

Jungelskjorte


Enkel og grei t-skjorte i mjuk og god jungel-interlock frå JNY design, kanta med gul interlock frå same stad.