lørdag 28. desember 2013

Vottedesember


Eg har vottestrikkedilla for tida! Her er første votteblogginnlegg...

Har lenge tenkt på å strikke Bellavottar både til meg sjølv og eldstejenta, men når eg endeleg kom så langt så vart dei for små til oss begge...

Desse Bellavottane har såleis fått ny mottakar, dei passa fint på ei 10-årig jentehand. 

Vottane er strikka i koksgrå Alfa frå SandnesGarn, og i neste forsøk går eg opp ein pinnestørrelse i forhold til oppskrifta (som du forøvrig finn dersom du googlar Bellavotter).

mandag 11. november 2013

Pysjamasjentene




Tøysejentene klarte å sjarmere mor til å få vere med å sy seg luer. Luene måtte sjølsagt vere på etter leggetid òg... 

Ytterstoff frå fabelblaa.com
Fleece frå S&S til fôr
Eige mønster

mandag 4. november 2013

Hermegåsa


Ei god stund no har eg følgt strikkebloggen To vrange, og finn alle dei flotte strikkeplagga svært inspirerande. Faktisk så inspirerande at det var på tide med ørlite kopiering, og denne regnbogekjolen vart blinka ut som årets sommarferiestrikk.

Kauni-garn hadde eg, både i regnbogefargar og ein grå-lilla-svart variant, og sidan det grå-lilla-svarte hespet såg ut til å vere mest grått tenkte eg at det fekk duge som grunnfarge. Vel avgårde på ferie viste det seg at innslaget av svart og lilla var mykje større enn først antatt, men full av pågangsmot sette eg i gang. Å strikke oppefrå og nedover var ein ny, men artig erfaring for meg, og det kjem eg nok til å gjere fleire gongar.

Eg såg kjapt at denne utgåva vart noko meir kvardagsleg enn To vrange sin, og tenkte difor at den kanskje gjorde seg betre som gensar i staden for kjole. Etter at bolen var ferdig såg eg at det vart litt vel mange oransje striper, difor korta eg ned ganske mykje av regnbogetråden då eg strikka armane. Å ta opp igjen bolen for å gjere det same der var imidlertid lite aktuelt....

Gensaren vart faktisk ferdigstrikka i ferien, men vart liggjande ganske lenge etterpå i påvente av knapp på skuldra. Så medan eg har somla meg til å sy fast ein - 1 - knapp har òg kjappe To vrange strikka ein genservariant av regnbogekjolen - ja, i tillegg til mykje anna flott!

søndag 3. november 2013

Pulsvarmarar

 
 
Då vi hadde eit lengre opphald i Spania for eit par år sidan kom eg over ein flott garnbutikk med godt utvalg, og eg måtte sjølvsagt kjøpe med meg nokre nøster av - for meg - nytt og spanande garn. Garn som er kjøpt utan å ha ein plan vert gjerne liggande ei stund, og når eg gjerne berre kjøper 1 - 2 nøster av kvar type er det litt begrensa kva det kan brukast til.

Då eg kom over dette pulsvarmar-mønsteret frå SPØT fekk eg endeleg eit prosjekt til dette utruleg mjuke, lilla ullgarnet. Det er nok litt tynnare enn mønsteret er rekna for, dermed la eg opp nokre ekstra masker og strikka ein repetisjon ekstra av mønsteret. Resultatet vart bra, og det er nesten så eg gler meg til kjølegare dagar. Berre nesten, altså...



 
 

lørdag 12. oktober 2013

Barnehagekjole


Ein av fordelane med å jobbe i barnehage er at det går heilt fint å leike litt i klesvegen òg. Frå før har eg ein apekattkjole, no har eg fått meg ein bilkjole. 
 
 
Mønster: Onion 2035
Stoff: Biljersey frå ein dansk stoffbutikk, viskosejersey frå S&S

mandag 7. oktober 2013

Kosefridag

På ein snartur innom Stoff & Stil for å kjøpe blå sytråd fant nestminstejenta ein rev! Stor stas sidan favorittlåta for tida er "The Fox", så reven måtte sjølvsagt få vere med heim.

 


Det går fint å løyse matematikkoppgåver med nysydd revelue på!


Stoff frå eigen nettbutikk
Symerke frå Stoff & Stil
Eige luemønster




tirsdag 24. september 2013

Luepåfyll




Etter Bergen Bymarked var det nesten heilt tomt for vanlege luer i str. 1 - 2 år. Rart det der - det er så forskjellig kva som sel på marknad. Før har det stort sett vore firkantluene i str. 3 - 5 år det har gått mest av, men denne gangen var det altså desse.

Dei nysydde luene er å finne i Epla-butikken.

lørdag 7. september 2013

Bergen Bymarked

Akkurat no har eg stand på Bergen Bymarked. Markedet har mange ulike utstillarar og finn stad på Festplassen, midt i Bergen sentrum.


Mange koselege folk har allereie handla eller slått av ein prat, og markedet varer heilt til kl. 18 i kveld - så det er berre til å stikke innom om du er i nærleiken:)


Edit: her vart det visst litt krøll i publiseringa - det var slettes ikkje torsdag det var marked, men i dag lørdag 7. september...

torsdag 25. juli 2013

Sommarskjørt


 
 
Eg sydde fleire av desse skjørta før eg var med på den lokale torgdagen tidlegare i sommar, og selde om lag halvparten av dei. Etterpå var minstejenta svært så nøgd då ho fekk velje akkurat det ho ville av dei som var att - og ville helst ha dette rosa med ugler på.
 

 
 
Desse skjørta er fine både når ein vil pynte seg litt, eller berre vere kvardagsfin.
  Skjørtet er òg testa til klatring, og vart godkjent av minstejenta.
 
 
 
 
Dei skjørta eg har igjen ligg i Epla-butikken min og ventar på nye eigarar.
Og jada - sommarskjørta kan sjølvsagt også brukast andre årstider:)
 
 

torsdag 18. juli 2013

Ferieboble



Fint å vere i ei ferieboble. Fint å ikkje ha på vekkerklokke. Fint å spele fotball på grasplenen eller blåse såpebobler ein sommerkveld. Fint at gutane framleis ynskjer seg klede sydd av mamma.




Kortbukser sydd av stoffet "Sixties" frå eigen nettbutikk, ein raud versjon og ein blå. 
Eige mønster.