torsdag 26. november 2009

Endå ein babykjole

Babykjole koksgrå 

Samme modell som dei raude, men litt større; ca str. 74-80. Denne er sydd av koksgrå ulljersey med detaljar i rosa.

Eg håpa at ved å lage fastsydd omslagsopning på desse kjolane skulle dei verte lette å dra over hovudet samtidig som ein skulle sleppe styret med knappar eller snorer som vanlegvis er på klede med omslagsopning, og som er så veldig fristande for barn i denne alderen å slite i… Etter å ha prøvd på minstejenta her ser det ut til å fungere slik det var meint, så eg er nøgd med det.

 

Babykjole koksgrå detalj

Til og med rosa perler påsydde…

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar