tirsdag 1. desember 2009

Alle treng ein oppmuntring i blant!


Ein fredag i oktober tok eg med meg ein haug barneluer i ulike storleikar og la dei frå meg på pauserommet på jobb. Sidan eg var i så godt humør tenkte eg at kanskje eg kunne glede andre litt også, så gode kollegaer kan gjerne få ein liten oppmuntring i det regnfulle haustmørket.

Då eg skulle ta med meg "restane" heimatt var det berre denne rosa babylua som låg attende, dermed konkluderer eg med at luene fall i smak. Og eg som var ein smule nervøs for at ingen kom til å like dei!

Forresten så er det veldig kjekt å sjå "mine" luer dukke opp på små barnehovud frå tid til anna:-)

1 kommentar:

  1. Er du overrasket!?! De er jo helskjønne! Hadde jeg hatt en liten en hadde jeg bestilt klær av deg med en gang!

    ha en flott kveld!

    SvarSlett