På Voss ligg det ein liten, koseleg butikk med navn Tiljamiid, og der var eg så heldig å sleppe inn sjølv om det eigentleg var stengt den dagen. Takk for det, Therese!
Størsteguten var med, og han la straks sin elsk på stoffet med retroringar - t-skjorte og kortbukse ville han ha! Eg var mildt sagt overraska over valet, men sa sjølvsagt ja til det - eg må innrømme at eg alltid vert glad når ungane ynskjer seg heimesydde klede :)
Kortbuksa har han vore med å klippe og sy sjølve, før han kom fram til at han likte ikkje sååå godt å sy, så eg kunne få gjere den ferdig for han...
Mønster: Eige, opprinneleg fleece-/joggebuksemønster, str. ca 128. Opplegget nederst er etter Gekko sin metode.
Den andre overraskinga...? Hauststormen ute! Er det ikkje vår no...?
Det er så kjekt når ungane ønskjer noko ho mor har laga! Denne kortbuksa vart knalltøff. Godt stoffval :)
SvarSlettBare så kjekt å få møte noen av dere bloggere ;)...
SvarSlettSå kjekt å se du laget fine klær av stoffene.