torsdag 1. november 2012

Krisesaum

Det finst mange slags kriser - små kriser og store kriser.
Ei lita krise som ei forsvunnen badehette kan potensielt verte ei stor krise når klokka er 7 på morgonen og det er dagen for ein av klassen sine få og verdsette badetimar.
Ingen badehette = ingen bading...

Heldigvis var dette ein av dei mindre travle morgonane her heime, dermed vart det ny badehette på guten - som var godt nøgd med å få bade saman med klassekameratane.


Sydd av bomullsjersey frå nettbutikken. Smal strikk i kanten.

1 kommentar:

  1. Ok, då veit eg kor eg skal henvende meg om "badehette-krisa" slår inn her en dag :)
    Den som kunne tenkt slik!! :)
    -Tanto-

    SvarSlett