lørdag 9. mars 2013

Ullkjole med bringebær

Med vinteren på hell var det på tide å sy litt i ull;) Til meg sjølv denne gongen.

Kjolen er sydd av svart ulljersey frå Stoff & Stil og eit stykke bringebærjersey frå min eigen nettbutikk.
Ulljerseyen fant eg på restebordet til S&S for fleire år sidan. Stoffstykket var stort, men hadde fleire små hól rundtomkring, eg var difor litt skeptisk til å bruke dette stoffet til noko i det heile. Eg sydde imidlertid ein liten gensar til eit karnevalskostyme for eit par år sidan, denne gensaren har seinare vore nytta som ullundertøy både av den gongens Timmy og av veslesystera, og sidan gensaren framleis er like heil tok eg no sjansen på å bruke resten av stoffstykket.
Bringebærjerseyen er ein tjukk og god jersey der mønsteret er strikka inn i stoffet (og no er det heile 50% rabatt på denne i nettbutikken min!). Her har eg lagt trådretninga på tvers på akkurat dette sidestykket, og det ser ut til å fungere fint.

Mønsteret er eit av Onion sine nye, 2046, og var kjapt og enkelt å sy. Kjolen har flott passform, men det kan virke som om mønsteret er ein smule stort i størrelsen. Dette mønsteret kjem eg heilt klart til å bruke fleire gongar, ein ny favoritt!

1 kommentar:

  1. Kjempefin kjole! Jeg har også det mønsteret og gleder meg til å sy den.

    SvarSlett