mandag 4. november 2013

Hermegåsa


Ei god stund no har eg følgt strikkebloggen To vrange, og finn alle dei flotte strikkeplagga svært inspirerande. Faktisk så inspirerande at det var på tide med ørlite kopiering, og denne regnbogekjolen vart blinka ut som årets sommarferiestrikk.

Kauni-garn hadde eg, både i regnbogefargar og ein grå-lilla-svart variant, og sidan det grå-lilla-svarte hespet såg ut til å vere mest grått tenkte eg at det fekk duge som grunnfarge. Vel avgårde på ferie viste det seg at innslaget av svart og lilla var mykje større enn først antatt, men full av pågangsmot sette eg i gang. Å strikke oppefrå og nedover var ein ny, men artig erfaring for meg, og det kjem eg nok til å gjere fleire gongar.

Eg såg kjapt at denne utgåva vart noko meir kvardagsleg enn To vrange sin, og tenkte difor at den kanskje gjorde seg betre som gensar i staden for kjole. Etter at bolen var ferdig såg eg at det vart litt vel mange oransje striper, difor korta eg ned ganske mykje av regnbogetråden då eg strikka armane. Å ta opp igjen bolen for å gjere det same der var imidlertid lite aktuelt....

Gensaren vart faktisk ferdigstrikka i ferien, men vart liggjande ganske lenge etterpå i påvente av knapp på skuldra. Så medan eg har somla meg til å sy fast ein - 1 - knapp har òg kjappe To vrange strikka ein genservariant av regnbogekjolen - ja, i tillegg til mykje anna flott!

1 kommentar:

  1. Så kul genseren ble i to Kaunifarger! ...og tusen takk for skryt! :)

    SvarSlett