lørdag 5. september 2009

Arbeidsbukse til ein stor liten arbeidsmann!

  Tullegutt

 

 

Denne flotte arbeidsmannen har alltid eit eller anna prosjekt på gang, og steinhammar er for tida favorittverktyet hans. Han ville så gjerne ha ei arbeidsselebukse han kan bruke når han jobbar, og den skulle vere blå!

Arbeidsbukse framme

 

 

No har han venta og venta på at arbeidsbuksa skulle verte ferdig – og endelig kunne den takast i bruk.

 

Arbeidsbukse detalj

 

Buksa er sydd av blå beavernylon og har limegrønne stikningar. Glidelåsopning på magen og strikkselar over skuldrene. Den har store og gode lommer, stropp til hammaren på høgresida, og eit par karabinkrokar som kan brukast til å feste det som måtte vere nødvendig der og då.

 

Arbeidsbukse bak

 

Mønsteret vart til underveis, og mottakaren vart heldigvis svært nøgd med resultatet!

Her er han på veg full fart til mormor for å vise fram den nye buksa…

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar