tirsdag 6. oktober 2009

Selebukse

Selebukse lilla detalj

Som du kan skimte i bakgrunnen på dette biletet har det i dag vore nitrist vêr… God grunn til å setje seg ved symaskina, altså…

Dette selebuksemønsteret er frå Stoff & Stil, men det er gjort nokre små endringar. Undervegs såg er nemleg at denne buksa kom til å verte alt for stor for veslejenta mi, dermed droppa eg ribbekanten nede og sydde i staden strikk i opplegget nede. For å ta inn litt av vide buksebein bretta eg inn ein kant i indre beinsaumen og sette trykknappar i, litt meir praktisk også.Selebukse lilla detalj 2

 

 

Buksa er sydd i babycord fra Stoff & Stil og mjuk flanell frå BugFabric. Trykknappar frå The Snap Source.

Selebukse lilla

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar