onsdag 30. september 2009

Grab bag

Sist torsdag tok eg med meg symaskina og køyrde til Askøy på “sytreff”. Tok med meg mønster og stoff til ein type veske eg hadde lyst å prøve ut, og dette vart altså resultatet; ei enkel “poseveske” som også kan brukast med innsida ut.

Grab bag1

 

 

Her har eg prøvd meg på noko eg ikkje mestrar i det heile; bilderedigering i Photoshop! Har tatt vekk bakgrunnen på bildet. Ikkje heilt nøgd med resultatet, men håpar på at øving gjer meister…

 

 

 

Forresten så var den nemde sykvelden veldig koselig. Var litt spent på dét, sidan eg ikkje kjende nokon av dei andre anna enn frå forumet Sykroken.net. Me var 6 stk som brukte kvelden til å sy på kvart vårt prosjekt, skravle, og sette til livs deilige muffins. Veldig kjekt og inspirerande!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar