torsdag 26. november 2009

Beslutningsvegring...

For ei tid sidan fekk eg bestilling på ullkjole i str 2 år. Helst rosa, og litt sånn som eg hadde laga ein gong før...

Dei som kjenner meg godt veit at eg har eit lite snev av beslutningsvegring.... Og det er jo så mange måtar å lage ein rosa kjole på! Kva for ullstoff skal eg bruke, kva pynt skal den ha, kva farge på pynten etc etc...
På tross av alle idéar klarte eg å begrense meg til desse to. Den til venstre er av ullboucle og den til høgre er av ullfilt.


...og bestillaren valgte den til høgre.

1 kommentar: