Viser innlegg med etiketten Fabelblå. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fabelblå. Vis alle innlegg

lørdag 7. september 2013

Bergen Bymarked

Akkurat no har eg stand på Bergen Bymarked. Markedet har mange ulike utstillarar og finn stad på Festplassen, midt i Bergen sentrum.


Mange koselege folk har allereie handla eller slått av ein prat, og markedet varer heilt til kl. 18 i kveld - så det er berre til å stikke innom om du er i nærleiken:)


Edit: her vart det visst litt krøll i publiseringa - det var slettes ikkje torsdag det var marked, men i dag lørdag 7. september...

torsdag 11. april 2013

Og vinnaren er....



... kommentar nr. 18, Anonym 23:27/englebarn...

GRATULERER! 

Send meg postadressa di på fabelblaa@yahoo.no så får du boka direkte tilsendt frå forlaget så snart den er klar - no er det ikkje mange dagane til!




Til å trekkje vinnaren fekk eg hjelp av random.org:


søndag 7. april 2013

Du kan vinne bok!


No er det ikkje så mange dagar igjen før "Handmade - Norges beste syoppskrifter" kjem i butikkane! Og sidan fabelblå har med ei oppskrift i boka har eg gleda av å kunne gi vekk ei bok. 

Om du er ein av dei som følgjer fabelblå kan du no vere med i trekninga. Det er det samme om du følgjer fabelblå-bloggen fast eller stikk innom meir tilfeldig. Om du likar fabelblå på facebook kan du også vere med.
 
Alt du treng å gjere er å legge igjen ein kommentar under dette blogginnlegget - slik at eg veit at du vil vere med.
Og så blir eg sjølvsagt glad om du vil dele fabelblå eller Motor forlag sine facebooksider.
 
 
Trekninga vert torsdag 11. april.
 
 
 
 
Fra forlagets omtale av Handmade:
Et utvalg av Norges beste syoppskrifter!
Bli inspirert av kreativiteten og sygleden til bidragsyterne i denne boken. Oppskriftene er et resultat av en konkurranse som ble spredt via sosiale medier, og de 50 beste bidragene er samlet i Handmade. Her finner du oppskrifter på klær til voksne og barn, tilbehør, interiørprosjekter og utstyr til babyen. Boken passer like godt for deg som er helt ny i faget som for deg som har traktert symaskinen en stund.

lørdag 9. mars 2013

Ullkjole med bringebær

Med vinteren på hell var det på tide å sy litt i ull;) Til meg sjølv denne gongen.

Kjolen er sydd av svart ulljersey frå Stoff & Stil og eit stykke bringebærjersey frå min eigen nettbutikk.
Ulljerseyen fant eg på restebordet til S&S for fleire år sidan. Stoffstykket var stort, men hadde fleire små hól rundtomkring, eg var difor litt skeptisk til å bruke dette stoffet til noko i det heile. Eg sydde imidlertid ein liten gensar til eit karnevalskostyme for eit par år sidan, denne gensaren har seinare vore nytta som ullundertøy både av den gongens Timmy og av veslesystera, og sidan gensaren framleis er like heil tok eg no sjansen på å bruke resten av stoffstykket.
Bringebærjerseyen er ein tjukk og god jersey der mønsteret er strikka inn i stoffet (og no er det heile 50% rabatt på denne i nettbutikken min!). Her har eg lagt trådretninga på tvers på akkurat dette sidestykket, og det ser ut til å fungere fint.

Mønsteret er eit av Onion sine nye, 2046, og var kjapt og enkelt å sy. Kjolen har flott passform, men det kan virke som om mønsteret er ein smule stort i størrelsen. Dette mønsteret kjem eg heilt klart til å bruke fleire gongar, ein ny favoritt!

lørdag 12. januar 2013

Jubileum!

Det er eit heilt år sidan fabelblå byrja selje metervare frå svenske Liandlo. Dette feirast med rabattar på 20 - 50 % på all metervare som er på lager akkurat no!

Etter at eg sette ned prisane torsdag kveld har det vore stor pågang, og enkelte av stoffa er det allereie tomt for... Prisane gjeld til søndag kveld, og du finn dei her.

Det er også mogeleg å forhåndsbestille nokre av stoffa frå Liandlo som snart er venta inn, desse får du akkurat no 10 % rabatt på.



onsdag 14. mars 2012

Forhåndsbestilling = 10 % rabatt




No gler eg meg til eg får heim alle dei nye stoffa eg har bestilt til nettbutikken!





Og dei som ynskjer å forhåndsbestille får no 10 % rabatt på alle stoffa eg ventar inn neste veke.





Ha ein fin kveld!


søndag 26. februar 2012

Nomineringa er godt i gang!

Kjenner du nokon som lagar flotte ting? Eller kanskje gjer du det sjølve? Ta ein tur innom Handlaga.no og les konkurransereglane der!





fabelblå er med som sponsor:)

lørdag 21. januar 2012

Fabelblå har fått facebookside!



Og sjølvsagt vert det feira med gåvedryss!


Det vert trekt fleire premiar mellom dei som "likar" fabelblå på facebook, og er du ein av vinnarane kan du velge anten ein meter jersey/velour eller eit plagg frå Eplabutikken min.

mandag 16. januar 2012

Nettbutikk lansert!




Då erklærer eg nettbutikken for opna!



Litt finpuss gjenstår her og der, ting kjem på plass litt etter kvart...



T.o.m 22. januar sender eg alle ordrar fraktfritt!