Som
nevnt tidlegare hadde minsteguten, som allereie byrjar bli ganske stor, lyst på bukser med flammar på. Desse vart godkjente med éin gong, til mors store glede :-) Flammeapplikasjonen har eg brukt
ein gong før, og eg kjem sikkert til å bruke den fleire gongar...
Størsteguten har sykkeldilla, og har sykla ganske mange mil att og fram i det vesle tunet vårt sidan han lærte å sykle som treåring. Å hoppe og steile er absolutt det gøyaste, og i haust brukte han alle sine oppsparte midlar på ein raud BMX-sykkel.
Gliset gjekk nesten frå øyre til øyre då eg viste han BMX-syklisten som skulle pryde joggebuksa hans, og han har utålmodig venta på at buksa skulle verte ferdig...
Begge buksene er sydd av svart isoli frå Stoff & Stil. Applikasjonane er av raud og gul interlock frå JNYdesign.Eige mønster, str. ca 6 år og ca 8 år.
Og som ein fin avslutning på helga: I dag òg var eg så heldig å komme med på framsida på epla.no, blant Anita/zndesign sine favorittar :-)