Viser innlegg med etiketten Strikking. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Strikking. Vis alle innlegg

lørdag 2. august 2014

Bloomsbury

 
 
Bloomsbury-genseren eg har strikka på i sommar er endeleg ferdig! Den er til meg, sjølv om det er eldstejenta som her har fått modelloppdraget.
 


 
 
Genseren har flott mønster som strekk seg oppetter heile ryggen og begge armane. Mønsteret kan ein kjøpe på ravelry.com. Det er på engelsk, ein liten utfordring sidan eg ikkje har nytta engelske strikkemønster tidlegare, men det gjekk mykje lettare enn eg trudde. I starten måtte eg lese mønster heile tida for å få det riktig, men etterkvart satt det i fingrane. Den er strikka ovanfrå og ned - heilt genialt for å kunne tilpasse størrelsen undervegs.

 
 
 
Mønster: Bloomsbury, kan kjøpast på ravelry.com.
Størrelse: M
Garn: Drops Big Merino, ca 535 gram (nesten 11 nøster).
Pinnestr.: 5,5 og 6 mm.

 

onsdag 19. mars 2014

Regnbogeskjørtet ingen ville ha



På ferie i Danmark for snart 7 år sidan kom eg over det flottaste ullgarnet eg nokon gong hadde sett: Kauni i regnbogefargar. Eit 250 g stort hespe vart med heimatt (saman med eit like stort hespe i svart/grått/lilla), og eg hadde store planar for kva for noko fint dette kunne bli.

Optimistisk byrja eg på eit skjørt til meg sjølv, men tenkte etterkvart at det kanskje vart litt vel fargerikt, og justerte størrelsen til å heller passe til størstejenta. Men strikkinga var ikkje førsteprioritet, og før det vart ferdig var størstejenta blitt så stor at ho ikkje var så glad i veldig fargerike klede lengre...

Så då skjørtet var ferdig strikka vart det snart passeleg til nestminstejenta. Det vart liggjande ei god stund i påvente av å få strikk i livet, så lengje at jenta plutsleg vart ei rosa-jente, og forkasta skjørtet utan eingong å prøve det...

Då måtte eg setje mi lit til minstejenta, og ho skuffa ikkje; "Det vil eg ha på i barnehagen i morgon!" sa ho før ho dansa bortover golvet med skjørtet på. Så endeleg fekk skjørtet ein eigar!


 

fredag 24. januar 2014

Siste vottepar frå 2013



Biletet vart knipsa i full fart før julegåveinnpakning, og viser ikkje fram det fine flettemønsteret særleg godt.

Mønsteret er dette, minus puddelkanten.

tirsdag 14. januar 2014

Skip o'hoi!


 
Det er kanskje ikkje ullvottar ein først og fremst forbind med segling, men i surt vestlandsvêr kan dei komme godt med likevel...
 
Her har eg strikka styrbord/babord-vottar til kapteinen på båten "i hagen" vår. Ikkje det at eg mistenkjer at han treng ei påminning om kva som er kva, men eg tenkte at eit maritimt motiv måtte passe fint til har som har lært meg alt det eg veit om båt.
 


 
Mønster: Ship o'hoi! votter frå Jorids mønsterbutikk
Størrelse: stor mannehand
Garn: Falk fra Dale Garn

 
 
 
 
 

 

lørdag 28. desember 2013

Vottedesember


Eg har vottestrikkedilla for tida! Her er første votteblogginnlegg...

Har lenge tenkt på å strikke Bellavottar både til meg sjølv og eldstejenta, men når eg endeleg kom så langt så vart dei for små til oss begge...

Desse Bellavottane har såleis fått ny mottakar, dei passa fint på ei 10-årig jentehand. 

Vottane er strikka i koksgrå Alfa frå SandnesGarn, og i neste forsøk går eg opp ein pinnestørrelse i forhold til oppskrifta (som du forøvrig finn dersom du googlar Bellavotter).

mandag 4. november 2013

Hermegåsa


Ei god stund no har eg følgt strikkebloggen To vrange, og finn alle dei flotte strikkeplagga svært inspirerande. Faktisk så inspirerande at det var på tide med ørlite kopiering, og denne regnbogekjolen vart blinka ut som årets sommarferiestrikk.

Kauni-garn hadde eg, både i regnbogefargar og ein grå-lilla-svart variant, og sidan det grå-lilla-svarte hespet såg ut til å vere mest grått tenkte eg at det fekk duge som grunnfarge. Vel avgårde på ferie viste det seg at innslaget av svart og lilla var mykje større enn først antatt, men full av pågangsmot sette eg i gang. Å strikke oppefrå og nedover var ein ny, men artig erfaring for meg, og det kjem eg nok til å gjere fleire gongar.

Eg såg kjapt at denne utgåva vart noko meir kvardagsleg enn To vrange sin, og tenkte difor at den kanskje gjorde seg betre som gensar i staden for kjole. Etter at bolen var ferdig såg eg at det vart litt vel mange oransje striper, difor korta eg ned ganske mykje av regnbogetråden då eg strikka armane. Å ta opp igjen bolen for å gjere det same der var imidlertid lite aktuelt....

Gensaren vart faktisk ferdigstrikka i ferien, men vart liggjande ganske lenge etterpå i påvente av knapp på skuldra. Så medan eg har somla meg til å sy fast ein - 1 - knapp har òg kjappe To vrange strikka ein genservariant av regnbogekjolen - ja, i tillegg til mykje anna flott!

søndag 3. november 2013

Pulsvarmarar

 
 
Då vi hadde eit lengre opphald i Spania for eit par år sidan kom eg over ein flott garnbutikk med godt utvalg, og eg måtte sjølvsagt kjøpe med meg nokre nøster av - for meg - nytt og spanande garn. Garn som er kjøpt utan å ha ein plan vert gjerne liggande ei stund, og når eg gjerne berre kjøper 1 - 2 nøster av kvar type er det litt begrensa kva det kan brukast til.

Då eg kom over dette pulsvarmar-mønsteret frå SPØT fekk eg endeleg eit prosjekt til dette utruleg mjuke, lilla ullgarnet. Det er nok litt tynnare enn mønsteret er rekna for, dermed la eg opp nokre ekstra masker og strikka ein repetisjon ekstra av mønsteret. Resultatet vart bra, og det er nesten så eg gler meg til kjølegare dagar. Berre nesten, altså...



 
 

fredag 28. desember 2012

Julegåvevottar


Årets julegåveblogging er fort gjort sidan dette var den einaste sjølvlaga julegåva herfrå i år. Mange år sidan eg har strikka vottar - og enda lengre sidan eg har strikka mønsterstrikk - men det gav meirsmak, og eit nytt vottepar er allereie på pinnane.

Vottar i damestørrelse, strikka i Falk frå Dalegarn, mønsterutgangspunkt frå Allers, men endra.

søndag 11. mars 2012

Togtur = strikking

Lang togtur heilt aleine gir god tid til strikking. Litt synd eg var så seint ute med pakkinga at eg måtte ta det første og beste strikketøyet eg fant...





Prøveklut - som skal bli kjøkkenklut - i dobbeltstrikk-teknikk. Utanfor vindauget er det krittkvit snø...



Teknikken såg eg første gong hos DuBedåre, og den er forsåvidt nokså interessant - men vert litt kjedelig i lengda sidan det går seint å strikke.

Litt utilsikta gav eg meg sjølv ein ekstra utfordring ved å velge to garn som tidvis er heilt like i farge, som om det ikkje var nok arbeid i frå før å halde styr på kva tråd som skal strikkast på fram- og baksida....



Så gjenstår det berre å sjå om eg vert ferdig med kluten på togturen, eller om den også vert med på neste tur...?

onsdag 28. september 2011

Desorientert




Å orientere seg på ny stad er ikkje alltid like lett, spesielt ikkje når ein kan lite av språket... Me har enno ikkje klart å finne ein butikk som sel vaskeklutar, vaskeklutar er ikkje noko særnorsk fenomen, er det vel...?
Men no har eg i alle fall strikka nokon!

mandag 14. mars 2011

Lue i alpakka



Som nevnt tidlegare har eg strikka lite dei siste åra. Dermed har eg gått glipp av mange "nye", spennande garntypar. Dette er dermed første gong eg strikkar med alpakkagarn, men heilt sikkert ikkje siste - utruleg mjukt og deilig garn!

Garn: Sandnes alpakka (100 % ren alpakka).

Mønster frå bladet "Maskor med stil Special: Mössor" med eigne tilpassingar for å passe til garntypen.

onsdag 15. desember 2010

Slutt på latmannslivet for strikkepinnane!

Då størstejenta var lita fekk ho ofte nye heimestrikka plagg, men seinare har det vorte mindre og mindre strikking her... Men no har ho fått seg ny lue, og kanskje må strikkepinnane jobbe meir også framover...?


Garn: Alfa frå SandnesGarn
Mønster frå SandnesGarn, men med eigen vri.