Viser innlegg med etiketten Tunika. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tunika. Vis alle innlegg

fredag 14. oktober 2011

Fint med meitai på tur! Og ein tunika...




Eg sydde meitai'en då nestminstejenta var bitteliten men den var ingen umiddelbar suksess... No derimot stortrives ho med å sitte i sele på ryggen min når det vert for langt for små føter å gå.

Meitai'en har sjalstroppar, ein stor fordel sidan dei er ganske breie og ikkje gneg seg ned i skuldrene sjølv om jenta etterkvart veg nokre kilo.


Tunikaen, som er så lang at den kanskje heller skal kallast kjole, har både mønster og stoff frå Stoff & Stil.




lørdag 12. mars 2011

Dagens mysterium




Når eg brukar ein kjole som passar størstejenta perfekt som mal til mønster, kordan kan då den ferdige kjolen verte aaaalt for liten for den samme jenta...?

tirsdag 12. januar 2010

Brrrrrr...


I det siste har det vore uvanleg kaldt til Vestlandet å vere, minusgrader i fleire veker samanhengande! Men når eg tenkjer etter så er det nokså deilig å sleppe unna regnet som vanlegvis plaskar ned dag ut og dag inn...

Når ein plutseleg har behov for varmare klede er det veldig greit å ha litt fleece liggande, enkelt og kjapt å sy i!

Denne tunikaen er til meg sjølve, sydd av petrolblå polarfleece (Stoff & Stil) og brun strikkblonde frå same stad. Den har fastsydd omslagsopning og litt vide 3/4 erme. Mønsteret er frå AoH 02/03, noko justert.

onsdag 7. oktober 2009

God og varm til sure haustdagar!




Kjole sydd av ulljersey, 100 % ull.


Er forkorta litt i lengden slik at den også skal kunne brukast under regnklede eller kjeledress. Sidan den er utan erme kan den også brukast som tunika over bukse når den er for kort som kjole.

Denne er sydd til ei veldig skjønn lita jente som eg også har sydd til før - det er så kjekt når eg får spørsmål om å sy fleire plagg, det kan eg vel ta som eit teikn på at dei er nøgde, eller...?