...og flammar og fleece går som kjent ikkje særleg godt i lag.... Dermed føler eg for å skulde på flammeapplikasjonen for at eg klarte det kunststykket å lage smeltemerke med strykejarnet i fleecen.... Klassisk nybyrjartabbe...
Denne fleecejakken var eigentleg tenkt som ei gåve, men den spaserte dermed fint inn i klesskåpet til størsteguten. Som var godt nøgd med dét :)
Mønster frå Ottobre 4/10.
Stoff frå Stoff og Stil.
Viser innlegg med etiketten Jakke. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jakke. Vis alle innlegg
tirsdag 16. november 2010
onsdag 20. oktober 2010
I fyr og flamme!

Sidan storeguten framleis vert begeistra for heimesydde plagg må eg jo nytte sjansen til å sy nokre litt tøffe plagg. Så vert det kanskje kult med heimesydd i framtida óg...?
Denne velourjakken likte han i alle fall svært så godt, og den passa perfekt sjølv om eg sydde i ein størrelse større enn han pleier bruke.
Framme er den heilt einsfarga svart, med svart, grov glidelås. Flammane på ryggen er av gul og oransje stretchvelour.
Etiketter:
Bomullsplagg,
Genser,
Jakke
onsdag 4. august 2010
Jakke med plass til mage :)
Sidan min favorittjakke for tida begynte å bli for trang over magen har eg rett og slett laga meg ein nesten-kopi, med plass for stooor mage. Jakken er sydd i svart og turkis isoli frå Stoff & Stil, og har glidelås framme.
Den har spiss hette og trompet-erme, og utvendige turkise overlocksaumar.
Mønsteret har eg laga sjølve, men er delvis kopi av ein London-kjøpt jakke.
Den passar meg perfekt, noko som sjølvsagt var meininga, så eg trur nok det vert ei fleece-utgåve av denne også så eg heldt varmen utover hausten...
Etiketter:
Bomullsplagg,
Jakke,
Mammaklede,
Vaksne
Abonner på:
Innlegg (Atom)

