Viser innlegg med etiketten Vottar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vottar. Vis alle innlegg
fredag 24. januar 2014
Siste vottepar frå 2013
Biletet vart knipsa i full fart før julegåveinnpakning, og viser ikkje fram det fine flettemønsteret særleg godt.
Mønsteret er dette, minus puddelkanten.
tirsdag 14. januar 2014
Skip o'hoi!
Det er kanskje ikkje ullvottar ein først og fremst forbind med segling, men i surt vestlandsvêr kan dei komme godt med likevel...
Her har eg strikka styrbord/babord-vottar til kapteinen på båten "i hagen" vår. Ikkje det at eg mistenkjer at han treng ei påminning om kva som er kva, men eg tenkte at eit maritimt motiv måtte passe fint til har som har lært meg alt det eg veit om båt.
Mønster: Ship o'hoi! votter frå Jorids mønsterbutikk
Størrelse: stor mannehand
Garn: Falk fra Dale Garn
lørdag 28. desember 2013
Vottedesember
Eg har vottestrikkedilla for tida! Her er første votteblogginnlegg...
Har lenge tenkt på å strikke Bellavottar både til meg sjølv og eldstejenta, men når eg endeleg kom så langt så vart dei for små til oss begge...
Desse Bellavottane har såleis fått ny mottakar, dei passa fint på ei 10-årig jentehand.
Vottane er strikka i koksgrå Alfa frå SandnesGarn, og i neste forsøk går eg opp ein pinnestørrelse i forhold til oppskrifta (som du forøvrig finn dersom du googlar Bellavotter).
fredag 28. desember 2012
Julegåvevottar
Vottar i damestørrelse, strikka i Falk frå Dalegarn, mønsterutgangspunkt frå Allers, men endra.
Abonner på:
Innlegg (Atom)




